Kjeksløyse utan sidestykke

-Publikum rasar

Det var tidlegare i dag at det vart funne ei strimle av den kjente kjekssjokoladen Kvikk Lunsj som mangla dei fire laga med kjeks og olje, som ikkje er lovleg å selje i EU-områda, som sjokoladen er så kjent for. Sjølv om alle veit at dei har stole idéen frå Kit Kat-sjokoladen.

       
-At dei tør, seier etaren av denne veldig spesielle sjokoladen. Eg må seie meg samd i det. Vidare utdjupar han at viss han ville ha hatt rein sjokolade, altså utan kjeks, vill han ha kjøpt ei plate mjølkesjokolade. Frå Freia sjølvsagt, dei sviktar han ikkje, sjølv ikkje etter noko slikt. Ekte venskap toler slikt!

At dei faktisk tør å gjere noko slikt kan verke som ei slags anti-reklame. No som folk får vite om dette feilgrepet til Freia, vil kanskje fleire byrje å kjøpe mjølkesjokolade frå diverse leverandørar, no som dei får det same uansett.

Verst er det kanskje for alle turhyttene runt om her i landet. No vil ikkje fok tenkje på turar i fjellet når dei et Kvikk Lunsjen sin, eller mjølkesjokolade med ei form det er noko kjend med, som det no vil verte kalla, og då vil dei heller liggje heime på sofaen og ete han. Kva skal då hytteeigarane gjere med sine overprisa Kvikk Lunsjar som er produsert i 2002 og faktisk har kjeks?

Etaren påpeikar at det kan vere den globale finanskrisa som kan ha skulda. -Er det på grunn av finanskrisa? Har dei ikkje rå til kjeks? spør han retorisk, for han veit at eg ikkje har svaret, eller at eg ikkje ville ha sagt det uansett. Han veit det ikkje kva årsaka er, men han kan vere inne på noko.  Det er dyrare å lage sjokoladen med kjeks inni, enn å berre droppe han. Har verkleg den tradisjonsrike sjokoladen måtta gjeve etter for masseproduksjon og effektivisering?

Eg berre spør...

kvikk lunsj utan kjeks
Stikkord:

Velkommen åt bloggen min!

Dette er den fyrste posten på den nye bloggen min ;)

Les mer i arkivet » April 2009
hits